|
Leikande og glade barn i ein levande barnehage Positivt, imøtekomande og engasjert personale Ein klem frå ein som bryr seg
Ikornnes FUS Barnehage er ein ny, moderne barnehage med solrikt uteområde. Barnehagen ligg sentrat til i ein fin bygd med fjell og fjord.
I ein barnehagekvardag prega av humor og glede, legg vi til rette for undring, kreativ leik og meistringsopplevingar. Kvart barn er unikt og skal takast på alvor.
Med flott natur på alle kantar kan vi spasere ned til sjøen, bort til elva eller opp i skogen. Vi er glade i å vere mykje ute!
Kjøkkenassistenten på huset diskar opp med heimbaka brød, i tilleg til varm mat minst ein gong i veka. Eit personale som består av damer og menn sørgjer for at det til ei kvar tid er god stemning på huset.
Barnehagen er fleksibel for foreldra sine ønskjer og barna sine behov, vi er opptekne av å ha ein god dialog med foreldra. Ved Ikornnes FUS skal både små og store trivast.
|
|
|
|
|
|
|
SØKNADSFRIST 1. MARS
|
|
|
Ønsker de barnehageplass frå august 2012, er
søknadsfristen 1. mars.
Elektronisk søknadsskjema finn de under
sykkylven kommune is heimeside
|
|
|
| (16-01-2012 21:59) |
|
|
|
|
|
|
|